Høtt sa du? Dialektkonkurranse med Eide, Wetås, Skjekkeland, Mæhlum, Kloppen og Renberg
Arrangør: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. På fredagar i 1980-åra sat vi klistra til TV-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga …». For femte gong blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i det talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar og Åse Wetås domar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Martin Skjekkeland og Brit Mæhlum, saman med forfattar Tore Renberg og skodespelar og programleiar Solveig Kloppen, konkurrere mot kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokopar og kløyvd infinitiv.
Nasjonalbiblioteket
5/15/2019 5:00:00 PM
View

Mediasite Showcase
Mediasite's the trusted cornerstone of any campus or enterprise video strategy. Our unyielding commitment to all things video helps you transform education, training, communications and online events.
Webcasting Video Content Management Video Delivery Integration Services Mediasite Community
Powered By Mediasite - Enterprise Video Platform
Mediasite
Sonic Foundry