Spanskesykja. Svenn-Erik Mamelund, Ole Georg Moseng og Siv Frøydis Berg
For litt over hundre år sida gikk verda inn i eit nytt tiår med spora etter katastrofen sterkt til stades: Spanskesykja mellom 1918 og 1920 har blitt løfta fram som ein av tidlegare tiders pandemier vi kan lære av, for å takle det som no står framfor oss. Men kva var spanskesykja, korleis ramma han Noreg og verda? Kva var forventingane før han slo ned? Fanst det tydlege klasseskilnader i kven som blei råka, og korleis så det norske helsevesenet ut på denne tida? Epidemiekspert Svenn-Erik Mamelund og professor i historie, Ole Georg Moseng, møter idéhistorikar og forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket Siv Frøydis Berg til samtale. 2020 har vore eit dramatisk og djuptgripande år. Konsekvensane av covid-19-pandemien kjem vi til å ta med oss langt inn i det nye tiåret, slik 1920-åra også blei merkt av spanskesykja (1918–1920). I haustens serie «Tiår for tiår» begynner vi med nettopp spanskesykja og ser så nærare på dei neste tiåra fram til i dag gjennom arrangement og digitalt innhald med materiale frå Nasjonalbibliotekets rikhaldige samling. Kva har prega oss? Kva har vi lest, lytta til, lært av – og kva har vi gløymt?
Nasjonalbiblioteket
8/27/2020 5:00:00 PM
View

Mediasite Showcase
Mediasite's the trusted cornerstone of any campus or enterprise video strategy. Our unyielding commitment to all things video helps you transform education, training, communications and online events.
Webcasting Video Content Management Video Delivery Integration Services Mediasite Community
Powered By Mediasite - Enterprise Video Platform
Mediasite
Sonic Foundry