Levande brev. Reiser frå arkivet
Utferdstrong og heimlengt, eventyr og frustrasjonar, skiftande vêr og framande hamner. Nasjonalbibliotekets brevsamling gjev mange innblikk i livet på reisefot: anten det er poetiske skildringar av sydlandske himmelstrok, iskalde tog og glidande skip eller knappe rapportar frå ugjestmilde polpunkt og møte med fiendtlege innfødde. Frå både fjern og nær har nordmenn skrive heim. Gisken Armand, Mads Ousdal, Øystein Røger, Selome Emnetu og Lasse Kolsrud levandegjer brev om reiser og liv i eksil. Forfattar Vigdis Hjorth losar oss gjennom kvelden, akkompagnert av Pål Moddi Knutsen. I arrangementet «Levande brev» inviterer Nasjonalbiblioteket til opplesing av brev frå den norske kulturhistoria. Fyrst tok vi kjærleiken, deretter katastrofen. Denne gongen er det reisa som står for tur.
Nasjonalbiblioteket
6/4/2019 5:00:00 PM
View

Mediasite Showcase
Mediasite's the trusted cornerstone of any campus or enterprise video strategy. Our unyielding commitment to all things video helps you transform education, training, communications and online events.
Webcasting Video Content Management Video Delivery Integration Services Mediasite Community
Powered By Mediasite - Enterprise Video Platform
Mediasite
Sonic Foundry