Norske språkpionerar. Generasjonen som reiste ut i verda
Sjeldne språk, framande kulturar, strabasiøse reiser – dette er berre nokre få stikkord frå det oppsiktsvekkjande arbeidet til ein heil generasjon norske språkforskarar. Dei skaffa oss unik innsikt i land som no, hundre år seinare, pregar nyheitene. I dette fagseminaret kastar professor Kari Aga Myklebost lys over Olaf Broch sitt arbeid og hans innverknad i Russland, professor Jan Erik Rekdal ser på Carl Marstrander si forsking frå Irland, og filolog Amund Bjørsnøs presenterer Georg Morgenstierne sin dokumentasjon av minoritetsspråk i Austen. Originalmateriale frå forskarane blir også vist fram. Seminaret er del av serien «Språk i arkiva» Kva er språk? Kva makt har språk? Kva fortel språk om oss? I Nasjonalbibliotekets arkiv og samlingar finn ein skildringar av språk som ikkje lenger er i bruk, biblar på latin, lovtekster på dansk og eventyr på samisk og santalsk. Kva fortel kjeldene om landet vårt, om språket vårt, og om oss? I 2018 arrangerer Nasjonalbiblioteket ei rekkje fagseminar der forskarar brukar dette materialet for å forstå meir om språk, makt og identitet.
Nasjonalbiblioteket
9/4/2018 11:00:00 AM
View

Mediasite Showcase
Mediasite's the trusted cornerstone of any campus or enterprise video strategy. Our unyielding commitment to all things video helps you transform education, training, communications and online events.
Webcasting Video Content Management Video Delivery Integration Services Mediasite Community
Powered By Mediasite - Enterprise Video Platform
Mediasite
Sonic Foundry