Nasjonalromantisk oppdaging av Sogn. Bjørn Sverre Hol Haugen om reisa til Flintoe og Munthe

I år er det 200 år sidan kunstnaren Johannes Flintoe følgde med venen, løytnant Gerhard Munthe, til foreldreheimen hans i Luster i Indre Sogn. Inntrykka Flintoe fekk på denne reisa, og kunsten han skapte, blei opptakta til nasjonalromantikken. Bjørn Sverre Hol Haugen presenterer i dette føredraget miljøet Flintoe møtte i Sogn, samt verknader denne kunstreisa fekk for ettertida. Hol Haugen er kulturhistorikar, fyrstekonservator ved Anno Museum og fyrsteamanuensis II ved Universitetet i Oslo.