Konstruksjonen av Norden: Verdsmeistrar i likestilling

Foredrag av Eirinn Larsen År etter år viser dei globale likestillingsindeksane det same – at dei fem nordiske landa er best på å jamne ut kjønnsforskjellar. Men korleis blei Norden verdsmeister i likestilling? Kor likestilte er vi eigentleg? Og korleis blir likestilling brukt i den nasjonale og regionale merkevarebygginga av Norden? Eirinn Larsen, professor i historie ved Universitetet i Oslo, trekkjer i dette foredraget vekslar på historiske, transnasjonale og samtidige perspektiv for å forklare posisjonen til feminismen i Norden – i grenselandet mellom sivilsamfunn, stat og merkevare. Korleis blei vi Norden? Kvar kjem ideen om Norden frå, og kva er eigentleg det nordiske? I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Norden utforske ideen om den nordiske fellesskapen — frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen — med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit — og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringane i samtida og framtida? Gjennom foredrag, samtalar og digital formidling vil serien ta opp dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.    *** Arrangementet er gratis og ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Det er ikkje naudsynt med billett, men du kan sikre deg plass ved å bestille ein i forkant. Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no og på Facebook. Du treng ikkje billett for å sjå den digitale sendinga.