Høyre du, mann! Langeleikens tradisjon. Samtale og musikk.

Kva er langeleik for eit instrument, og kan dette instrumentet seie oss noko om korleis folkemusikktradisjonen har utvikla seg gjennom fleire generasjonar? Frå Nasjonalbibliotekets folkemusikksamling har Hans-Hinrich Thedens og Elisabeth Kværne frå Valdresmusea valt ut opptak frå dei fire tradisjonsområda Valdres, Hallingdal, Telemark og Gjøvik. Resultatet er samla på CD-en «Høyre du, mann!». I høve denne utgjevinga møter Kværne og Thedens Oddrun Hegge til ein samtale om langeleik og folkemusikktradisjonar. Leiar for Hilme-stemnet, Knut Aastad Bråten, leiar samtalen. Fleire av deltakarane er langeleikutøvarar, og det blir spela live under arrangementet.