Saman om lesing. Haakon Nyhus-seminaret 2018

Med Haakon Nyhuus-seminaret 2018 ynskjer Nasjonalbiblioteket saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek å synleggjere utviklingsarbeidet som skjer i samarbeid mellom folkebibliotek og skule. Ulike prosjekt vert presenterte for å dele kunnskap og for å vise kva utfordringar og moglegheiter som finst. Lesing står sentralt, og erfaringskonferansen vil slik også vere ei førebuing til Bokåret 2019. Deltaking på seminaret er gratis, lunsj inkludert. Arr: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek i samarbeid med Nasjonalbiblioteket