Nye katalogiseringsreglar. Introduksjon til Resource Description and Access (RDA)

Dette seminaret byr på ein gjennomgang av struktur og organisering av regelverket, nasjonale retningsliner, opplæringsmateriell, hjelpemiddel og faglege forum. Målgruppa er hovudsakleg bibliotektilsette som katalogiserer i norske bibliotek. Trine Adolfsen og Frank Berg Haugen frå Nasjonalbiblioteket vil halde introduksjonen.